Skogsmullepedagogikk

Som natur og friluftsbarnehage nyttar vi oss av fantasifiguren Skogsmulle i Skogsmullepadagogikken. Mulle har fleire vennar som hjelp oss med å lære om ulike tema både i naturen og i den sosiale konteksten, og det å vere saman i eit fellesskap.

Barn som er mykje ute i naturen i barnehagen får betre konsentrasjon - Norges idrettshøgskole (nih.no)

 

Her kan ein lese meir om kva forskninga seier at barn (og vaksne) får ut av det å bruke naturen og å vere mykje ute i friluft. Vi i Hjellbakkane barnehage opplevar at ein får økt meistring, kreativitet, fantasi, sjølvfølelse og at ein lærar på ein heil anna måte.

Vi ser på oss sjølve som ganske unike i Volda, og er stolte av alt det vi klarar å gjennomføre, lære og undre oss over saman med barna hjå oss. Vi er ei engasjert tilsett-gruppe som legg mykje i jobben vår, og har ambisjonar om å vere den beste friluftsbarnehagen der alle barn og tilsette skal ha ddet godt med kvarandre. Relasjonstenking, konfliktløysing og barns medverknad står høgt på prioriteringslista vår.

For meir informasjon, les gjerne verksemdplana og årsplana vår - der står det meir utfyllande om våre mål, visjonar og metodar.