Vi har ikkje så mange tradisjonelle leikeapparat i barnehagen. Vi ynskjer heller at barna skal lære seg å nytte skogen og naturen til leik og fantasi. Barna har rom for å medverke i utforminga av uteområdet vårt gjennom å ta del i ulike prosjekt.
"Mulleskogen" er eit område vi ikkje eig (på lån frå Volda kommune). Området er gjerda inn, og det er i praksis ein del av uteområdet vårt. Vi har ikkje tradisjonelle leikeapparat i «Mulleskogen», men vi har fått lov til å sette opp ei hytte på området, som vi kallar «Mullehytta». Vi nyttar dette skogsområdet til å gje barna opplevingar og erfaringar med naturen gjennom å oppdage og skape leik og aktivitetar ut frå dei moglegheitene området gjev. Det meste av uteområdet i Hjellbakkane barnehage ligg i eit ulendt terreng der barna får utfordra sine motoriske ferdigheitar i tidleg alder.
Å ferdast ute, meistre og nytte naturen på ein gode måte er sentrale målsettingar i vårt arbeid.