Barnehagen vår

«Hjellbakkane barnehage, eit trygt fellesskap i samhandling med kvarandre og naturen»

Hjellbakkane barnehage er ein ideell privat barnehage tufta på ein natur- og friluftsprofil. Barnehagen vart opna i 1987, og er organisert i ei stifting med eigne vedtekter. Stiftinga vart skipa fredag 6.mars 1987. I dei første vedtektene står det at «Stiftinga har som føremål å eige og drive privat barnehage for medlemane i foreldrelaget Hjellbakkane Vel og andre, så langt plassane rekker, i samsvar med barnehagelova sine reglar». 

Stiftinga Hjellbakkane barnehage har til en kvar tid tolv representantar. Stiftinga  sett saman eit styre, valt på årsmøte kvart år. Styret står som eigar av barnehagen i den perioden dei er valt for (jmfr. Føretaksregisteret). Styret er hovudansvarleg for barnehagen si drift, og ansvaret for den daglege drifta er gitt til dagleg leiar/styrar.Hjellbakkane barnehage er ei pedagogisk verksemd for barn frå 0 – 6 år. Drifta er forankra i barnehagelova med forskrifter, mellom anna rammeplan for barnehagen sitt ansvar og sine oppgåver.

Det økonomiske grunnlaget for barnehagen si drift er basert på offentlege tilskot og foreldrebetaling. Hjellbakkane barnehage følgjer Volda kommune sine rutinar og retningsliner, mellom anna i høve samordna opptak. 

Allereie frå den første årsplanen i 1988, ser vi at dei tilsette i Hjellbakkane barnehage var opptatt av å bygge relasjonar med kvarandre, og med naturen og nærmiljøet rundt barnehagen. Dei var tidleg bevisste på at «Hjellbakkane barnehage skal fremje fysisk aktivitet ute i naturen året rundt».