Den 25.April hadde Hjellbakkane barnehage kunst kafé der vi samla inn pengar til ein sak som ligg hjartet vårt veldig nær – nemleg «Sykehusklovnene». Sjukehusklovnane treff barn og unge på sjukehuset. Pårørande fortel korleis disse møta bidreg til større livsglede og meistring av ein vanskeleg sjukehuskvardag. Foreldra beskriv og korleis sterkare sjølvfølelse hjelper barna deira å hente frem friske krefter.
Dette er eit tilbod som mange barn dreg nytta av opp gjennom sin oppvekst, og vi er fleire tilsette og foreldre i barnehagen som har opplevd sjølv kor godt det er når sjukehusklovnane kjem om muntrar opp barna våre når dei har vore innlagde på sjukehus. Etter ein god ide frå ein av våre tilsette satt vi i gong med å planlegge ein innsamlingsaksjon hjå oss. Tre-, fire- og femåringane laga plakatar, klovnar av papp og tråd, klovneportrett i ulike størrelsar.. Dei pynta, laga muffins, kake og namnekort med «klovne-namna» sine på. På førehand prata vi om sjukehusklovnane og alt dei gjer på, og såg på bilete av dei. Eitt- og toåringane laga også klovne-kunst der dei mala på hendene sine og laga handavtrykk som såg ut som ein klovn, mala på pappfat og hadde samlingar om sjukehusklovnane.
På sjølve dagen hadde vi pynta heile framsida av barnehagen og laga til servering av pølse og brød, kake og muffins. Barna hadde fått ansiktsmåling, limt på seg «klovne-namnet» sitt, og tre-, fire- og femåringane fekk klovnenase på. Kvar familie betalte ein viss sum i «inngong» på kafeen, og deretter ga dei so mykje dei ynskte å gi for sjølve kunsten og maten dei fekk. I skrivande stund har vi samla inn 10,350,- til dette flott formålet. Og vi er veldig stolte av kva vi har fått til i godt samarbeid med ei veldig engasjert foreldregruppe og besteforeldre her hjå oss i Hjellbakkane barnehage.