UTEVEKER I HJELLBAKKANE

Fire veker kvart år flytter heile barnehagen ut i naturen. I haustveka, som oftast i september, held vi til på Skinnstøylen. I vinterveka, som oftast i februar, flyttar dei eldste barna opp i Dalen, medan dei yngste barna har si vinterveke i barnehagen. Sommarvekene, som oftast i juni, tar vi med oss heile barnehagen ned på Skinnstøylen igjen. Dette opplegget har blitt ein tradisjon i Hjellbakkane, som både barn, foreldre og tilsette sett stor pris på. Vi kjem nærmare naturen på ein heilt annan måte når vi tilbringer heile dagen ute :)

Bilete over er frå ein av turane til stor base. 

 Vår/sommarvekene i år blir på Skinnstøylen. Då samlast vi, både små og store, i vekene 22 og 23. Vi legg opp til ein Mumin- og Brummfest ein av dagane, for å markere avsluttninga på årstema vårt i år. Vi flyttar sommarfesten til seinare i juni for å få med alle (nokre familiar har fri i veke 23). Vi kjem med fleire bilete frå vekene etter kvart, bileta under er frå i fjor; då vi fekk besøk av av to venar som vi les og lærer mykje om. Fjellfina kom den lange vegen ned frå fjellet,og på vegen hadde ho kome over LAKSE, som kava rundt i vatnet på oversida av støylen - eit populært besøk :)  

 

 Styrar